Produkter og tjenester


For private utfører me alt innen tomtegraving, graving for vatn og kloakk, opparbeiding av veg og hage.
Me har lang erfaring i å ”sjå” løysinger for utforming av hage og er behjelpelige med dette.
Ved tomtegraving i t.d. høgfjellet gjer me det me kan for å bevare eksisterande vegetasjon.








Riving av hus er og vårt arbeidsfelt.

Ved rivearbeid og liknande har me betongsager, betongsaks, forskjellige hydrauliske hamrar, mobil stein- og betongknusar med magnetutskilar.








I tillegg har me separat løftemagnet for gravemaskin.
Me driv og med muring/plastring med stein, både i elvelaup, hagar og liknande.








Me har sorteringsskuffe for sortering av jord, stein og liknande. Me har og feiemaskin.

Me har fleire typar lastebilar. Kontainerbil, dumpersbil, trekkvogn og krokbil.








Av hengarar har me: 3aksla krokhengar med tipp og 3aksla dumpers hengar (15 m3).
Tungtransport / spesialtransport på 4 aksla hengar som kan forlengast med 6,3m.








Me har spesialutstyr til gravemaskin, bla. forlenga gravestikke for tilkomst på vanskeleg tilgjengelege stader. Me har og fleire minimaskiner til ”småjobbar” og  på tronge stader.








Me har eige sandtak med sorteringsverk. ( Bilde: sandtaket ) Der sel me sand, stein, grus og  harpa jord. ( Harpa jord er den fine jorda til plen, parkanlegg osv.)

Me har brøyte og strøutstyr til hjullastar og traktor. I tillegg har me sandspreiar for lastebil. Ved vanskeleg tilgjengeleg stader brøyter me og med gravemaskin.








Me tek på oss oppdrag, små og store både for private, offentlege og bedrifter.
Dei fleste oppdraga våre er innan Årdal kommune, men me tek og oppdrag utanfor bygda.

STARTSIDE       OM OSS       PRODUKTER OG TJENESTER       KONTAKT